Dine valg av kulisser når det gjeld både forberedelse, fest og vielse
har sjølvsagt mykje å seie for kor vellykka bildene blir.
Arealrike rom med god tilgang på naturlig lys gir gode moglegheiter for å skape flotte, stemningsfulle bilder.
Store vindauge er å foretrekke, då det gjer det lettare å ta teknisk gode bilder. Hugs å rydde! Frukt, sjampanje,
tøystoff, tepper og puter er like hyggelige for deg og gjestene dine, som det fotovenleg er for fotografen.
NB: mange frisørsalongar er ofte litt trange og sterile, med plakatar og utstyr som kan tilføre litt uønska "støy" i bildene. Dette unngår du ofte dersom du finn ein annan, litt meir personlig location (gjerne din eigen heim), der du har rydda og fiksa litt før fotograferingen startar.
Lysfylte vielseslokaler og selskapsrom gir bedre forhold for fotografering,
men dette er sjølvsagt ikkje eit must.
Plassering i rommet:
Tenk likevel gjerne over plassering av viktige personar mtp. vindu, lamper, o.l.. Dersom brudeparet for eksempel sit framfor eit vindu, vil motlyset bak dei gjere det meir utfordrande å ta teknisk gode bilder, og bakgrunnen blir ofte litt "utbrent"/for lys. Eg anbefaler derfor at brudeparet (dersom det let seg gjere) sit med ryggen mot ein vegg, og med ansiktet vendt mot ei god lyskjelde. Ein kan eventuelt henge opp ei diskret gardin framfor vindauget, dersom ein ynskjer å redusere motlys-effekten.
Lyskjelder:
Dei spesielt detalj-fokuserte kan være obs på at det er lurt å fylle rommet med enten varmt "innandørs-lys", eller kaldt "utelys". Blandinga av desse er automatisk ei teknisk utfordring, og rom som er fylte av berre dagslys (og stearinlys, sjølvsagt!) vil gi det aller beste resultatet. Sjå eksempelbilde over her (til høgre).
Under vielsen:
Eg fotograferer kontinuerlig gjennom heile vielsen, og har fokus på både stemning, detaljar og oversiktsbilder.
For å sikre gode bilder frå sjølve seremonien, vil eg - der det leg seg gjere - stå litt gøymt oppe til høgre for alteret.
Eg tek også alltid oversiktsbilder frå avstand (der dette er mogleg), samt stemningsbilder av brudeparet saman med gjestene etter endt vielse.
Etter vielsen:
Det tek ofte opp mot 30-40 min å takke gjestane, samt ta bilder av brudepar, familie og forlovarar rett etter vielsen.
Dette er også ei fin og sosial stund som det kan vere kjekt å setje av litt tid til (gjestane vil jo ofte ha nokre bilete av dykk rett etter at de er gifte, og det er mange som vil seie nokre ord!)
Familiefotografering:
Det tek ofte mellom 30-60 min å ta bilder av dei typiske kombinasjonane av venner, familie og alle som er tilstades.
Beregn 5 min pr. gruppe, så har de sett av ganske god tid til både potensiell forvirring og somling! Lag gjerne ei liste over kven de ynskjer å ha med på dei ulike bileta, og få ein som kjenner gjestene til å organisere/rope opp namn.
Eg vil anbefale å setje av i alt rundt 1,5 timar i effektiv fototid.
Når det gjeld dei formelle bryllupsfotografia vil dei fleste ynskje eit variert utvalg bilder -
både når det gjeld motiv, bildeutsnitt og positurar. Her kan det vere lurt å planlegge!
Research-arbeid er lurt - så ta gjerne ein tur rundt i nærområdet der bryllupet skal stå, og finn nokre stader som de likar godt. Hugs at det kan vere kjekt å ha kort køyreveg frå fotolokasjonen til festlokaler og vielse (gir meir tid til mingling med gjester!). Sjekk om det mot formodning er meldt om kø eller trafikkproblem på strekningen, og legg opp til at de har god tid til transport.
Lag inspirasjonsalbum
Både Pinterest, Flickr og Instagram har eksempelvis mange gode fotoidèer på lur!
Ein del brudepar lagar også eit lite album på feks. Pinterest, der dei presenterer kva for stil dei likar i forkant av bryllupet. Slik får fotografen eit innblikk i kva positurar, bakgrunnar og redigeringsstilar paret likar, og kan tilpasse arbeidet sitt etter dette. Er du skikkelig rutinert, kan du jo alltids printe ut dei bildene du ynskjer aller mest, og lage ein liten collage til fotografen!
Under sjølve fotoseansen er det lurt å sikre at ein knipsar både detaljar, nære- og halvnære portrett,
samt også paret som del av omgivelsane. Ta gjerne bilder av buketten, ringane, hendene, detaljar i kjole og dress, osv.
Det kan også vere lurt å ta bilder saman med forlovarane i dette tidsrommet.
Trivsel, latter og god stemning er grunnleggande for å få bilete som ser naturlige ut, og difor også ein svært høg prioritet for einkvar fotograf. Tenk på fotoseansen som ein pause, der de kan lade opp til komande festivitas!
Spare tid-tips:
Mange brudepar vel å legge fotograferinga før vielsen, og har gjerne ein "First Look"-seremoni for å gjere det første møtet ekstra spesielt. Etter fotograferinga kan ein dra rett til vielsen og deretter til selskapslokala. Slik får ein meir tid til å vere med gjesten (men kanskje ein litt kortare seanse med førebuing, sminke og hår tidleg på dagen).
Nokre brudepar arrangerer også forretten som canapèar utandørs (utanfor selskapslokalene), og sikrar slik mange gode utandørs stemningsfoto av gjestene - i gode lysforhold og flotte kulissar. Slik kortar ein også ned tida der ein sit ved borda.
Før bryllupet har brudeparet som oftast plukka ut ulike locations, av og til i samråd med fotografen. Eg vil anbefale å velge locations der det finst eit breidt utvalg av bakgrunnar:
_________________________________________________________________________________________________________________________________
_________________________________________________________________________________________________________________________________
_________________________________________________________________________________________________________________________________
Ikkje fortvil - du har fleire gode alternativ! Utnytt været til din fordel slik:
Som nemnt vil lauvtunge tre vere ein god stad å oppholde seg, sidan lauvkrunene slepp lite vatn igjennom. Dersom du er skikkelig førebudd, kan du alltids spenne opp ein presenning mellom to tre, eller finne nokre gode hustak (eller ei bru) som kan skjerme for nedbøren. Det kan også vere lurt å ha med nokre fine paraplyar (gjennomsiktige er å anbefale)!
Det er også viktig å ha med nokre gode, varme cardigans, eller ei tjukk jakke som ein lett kan ta på og av.
Då slepp du å hakke tenner og skyte gåsehud i alle retningar, (noko som heller ikkje akkurat tek seg spesielt godt ut på bryllupsbildene)! Ofte vil ein også trenge eit par gode sko, så ein kjem seg opp i den vakre enga, eller ned på det lekre svaberget utan å måtte vakle dit på høge hælar. Det viktigaste med fotografi i regnet er uansett at det er nok lys der de skal bli fotograferte, samt er det fint med ein ryddig bakgrunn.
Og til slutt, ei lita regnværs-trøyst: Hugs at ein himmel dekt av skyer gir det flottaste fotolyset! Då forsvinn dei skarpe skyggane, og ein får eit mjukt og vakkert "studiolys".
Det er altså ingen grunn til å fortvile om det dryp litt på dagen dykkar!
Mange ynskjer å fange stemninga undervegs i bryllupet, så minna frå dagen blir mest mogleg levande. Men når det er sagt, er det viktig å hugse at det først og fremst er paret, venner og familie som må le, smile og ha det kjekt for at fotografen skal sikre seg dei beste bildene! Hugs difor å legge til rette for stemningsfoto ved å skape gode, gjerne morosame situasjonar (selskapsleikar, o.l.), der det osar god stemning.
KONTAKT
902 127 83
post@irisengen.no
ADRESSE
Heimdalsgata 30
OSLO
Fotograf: Iris Engen Skadal.
Rimelig bryllupsfotograf, med oppdrag i Oslo, Førde, Bergen.
Fotograferer Bryllup, portrettbilder, babyportrett, gruppe - og familiefoto. Rimelige priser og rask leveringstid!